Trist å måtte innrømma det, men til nå har ingen versjonar av GIMP vore absolutt feilfrie. Det vil nok også vere tilfelle for komande versjonar av GIMP. Trass i alle gode intensjonar, vil det i eit så komplisert program som GIMP alltid dukka opp bruksmåtar eller -kombinasjonar som ingen hadde tenkt på førehand skulle kunne skje. Dette er eit problem alle programutviklarane kjenner godt til — eller i det minste burde kjenne til.
Erkjenninga av at det finst feil, betyr likevel ikkje at feil skal aksepterast. Dersom du finn ein feil i GIMP, vil utviklarane svært gjerne få grei på det, slik at dei i det minste kan gjere forsøk på å utbetra han.
Dersom du oppdagar at GIMP i visse samanhengar oppfører seg unormalt, kan det hende du har dumpa over ein feil med programmet. Kva bør du gjere? Korleis rapportera feilen?
![]() |
Tips |
---|---|
The procedure for making an enhancement request—that is, for asking the developers to add a missing feature—is the same as the procedure for reporting a bug. |
Tilliks med mange andre frie programvareprosjekt, brukar også GIMP feilrapporteringssystemet GitLab. Dette er eit svært kraftig, internettbasert system som er i stand til å handsama tusenvis av feilrapportar utan å miste oversynet. GIMP deler faktisk database med heile Gnome-prosjektet.
Før du planlegg å rapportera ein feil, må du forsikra deg om at det verkeleg er ein feil. Det er vanskeleg å setja opp ein plan for korleis du kan kontrollera om du har oppdaga ein verkeleg feil. Ofte vil det vere til stor hjelp å lesa dokumentasjonen. Det kan kanskje vera lurt å diskutera problemet på IRC eller Discourse. Dersom du opplever eit skikkeleg krasj, er sjansen for at det er ein reell feil nokså stor. Velskrive programvare er utforma slik at dei ikkje skal kunne krasja, same kva som skjer. Har du gjort seriøse forsøk på å finna ut om det verkeleg er ein feil som er årsaka til krasjet, men framleis er usikker på årsaka, er det betre å rapportera feilen enn å la det vere. Det verste som kan skje er at du har kasta bort tida til utviklingsteamet.
![]() |
Notat |
---|---|
Det er faktisk nokre få kjende ting som kan få GIMP til å krasje, men som det ikkje er bryet verd å gjere noko med. Ein av dei er å be GIMP om å gjere noko som krev uhorvelege mengder minneplass, som for eksempel å laga eit bilete med ein million biletpunkt i kvart lag. |
Du bør også forsikra deg om at du brukar ein oppdatert versjon av GIMP. Å rapportera feil som alt er retta er å sløse med tida for alle. (GIMP 1 vert ikkje støtta. Finn du feil i GIMP 1 må du anten oppgrade til GIMP 2 eller leve med feilen). Spesielt dersom du brukar utviklingsversjonar av GIMP, er det viktig at du finn feilen også i den siste versjonen før du sender inn ein rapport.
Dersom du framleis meiner du har ein legitim feilrapport å levera frå deg, er neste steg er å gå til GIMPsi liste over problem (https://gitlab.gnome.org/GNOME/gimp/issues/) for å finna ut om andre har funne den same feilen. (Alt føregår på engelsk).
Skriv inn nokre søkjeord (skilde med mellomrom), for eksempel
filter crash
i tekstfeltet «Søk eller filtrere resultata…» og trykk Enter. Som standard ser du berre opne rapportar, men dette kan du endra ved å trykkja på «Alle» over søkjefeltet.
The result is either a list of bug reports – hopefully not too long – or a message saying «Sorry, your filter produced no results». If you don't find a related bug report by doing this, it may be worth trying another search with different terms. If in spite of your best efforts, you file a bug report and it ends up being closed as a duplicate, don't be too upset: it has happened repeatedly to the author of this documentation.